Knut Egil Stakkestad og Inger Johanne Bligaard kan snart tilby kjøtt direkte fra gården sin på Stakkestad.  
Foto: Karina Søvik
Knut Egil Stakkestad og Inger Johanne Bligaard kan snart tilby kjøtt direkte fra gården sin på Stakkestad.

Legg stein for stein

Aldri før har så mange vore på jakt etter lærlingar innan anleggsgartnarfaget. Det skapar god stemning på Tveit.

Det byggest som aldri før i landet. Der ungdommen står i kø for å sikre seg lærlingplass som elektrikar eller tømrar skrik ein samstundes etter ungdommar med vg2 anleggsgartnar og idrettsanleggfag.
– Me har merka at dette er ei utdanning kor ein går nærast rett inn i lære. Me har i år 12 plassar på dette studiet, og alle skal nå ut i lære, mange av dei her i kommunen. Me ser i dag at det er eit stort behov for elevar med denne kompetansen, seier undervisningsleiar Kåre Åsheim.
Einaste
Tveit vgs er den einaste skulen på Haugalandet som gir denne utdanninga i dag og det merkast. Verksemder frå heile fylket har vore i kontakt med skulen og spurt etter lærlingar.
– Dette er ei linje med praktiske fag der elevane er mykje ute og jobbar. Det kan vere med steinmuring, planlegging og opparbeiding av hagar og liknande. I tillegg ser me at mange av dei som nå søkjer lærlingar driv med grøntareal knytt til større byggeprosjekt som til dømes veganlegg. Vår jobb er å ha areal og mulegheiter til å ha ei god undervisning som er så realistisk som muleg, seier rektor Randi Rettedal.

Les meir om skulen på Tveit