Mange hadde funne vegen då Karsten Bjelland flytta inn i nytt bygg i næringsparken. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Mange hadde funne vegen då Karsten Bjelland flytta inn i nytt bygg i næringsparken. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Opna praktbygg

Blomar, smil og fiskesuppe på dagtid. Pompøst og festleg på kveldstid. Karsten Bjelland AS har flytta inn.

Få næringsbygg har fått så mykje skryt allereie før det er tatt skikkeleg i bruk, som nettopp Karsten Bjelland sitt nye «slott» i Aksdal Næringspark. For uansett kva medarbeidarane og leigetakarane er vant til frå før, så er forholda nå blitt eventyrlege.
– Eg merkar det allereie. Folk smiler og ler og har det kjekt på jobb. Ikkje det at me ikkje har hatt det kjekt før, men dette er fantastisk. Me har valt å lage eit bygg som er praktisk, men også eit bygg me kan vere stolte av utsjåandemessig. Tomta langs E39 gjer at mange har fått med seg byggeprosessen og responsen har vore formidabel. Difor er det ekstra kjekt å kunne invitere til opent hus i dag, smiler Karsten Bjelland.

Les meir om opninga i papirutgåva.