Gi lærarane arbeidsro

Ein skal vere litt forsiktig med å ta for sterke standpunkt i ein arbeidskonflikt som ikkje direkte angår oss sjølv.

Men konflikten mellom KS og lærarane våre er nå blitt ei salig blanding av ein alvorleg konflikt i den eine enden av skalaen til å bli nærast ein såpeopera i den andre.
Som vanleg er det ikkje fritt for meiningar når det norske folk skal diskutere lærarar.
Denne gongen har KS sitt framlegg til ein ny lærarkvardag skapt eit engasjement langt utover det som er vanleg. Det gjeld arbeidstid og kven som skal styre læraren sin arbeidskvardag. Og det er grunn til bekymring, skal ein tolke fagforeininga.
Lærarane er bekymra for at den nye planen vil gjere det mykje meir innvikla å drive undervisning. Det gjeld både i førebuingar, oppfølging, gjennomføring og når det gjeld etterarbeid. Dei er i tillegg sterkt bekymra for at dette er ein skjult spareplan. Og utsegnene endar opp med ei bekymring for kvaliteten i skulen.
Dei har fått støtte frå fleire hold også frå FAU og andre føresette. Dei er sjølvsagt bekymra for kva dei nye planane vil ha å seie for sine unge.
Så er sjølvsagt spørsmålet om KS sine idear er ei rasering av skulen, slik dei mest skeptiske meiner. Svaret er vel strengt tatt tja.
Men om meininga bak dette er å få ein betre skule, betre rekruttering og betre resultat på elevarbeid, så kan eg ikkje sjå noko som helst som skulle tilseie dette. Dei krava som allereie har komme frå sentralt hald for i det heile tatt å kunne starte ei lærarutdanning, gir neppe verken betre eller fleire lærarar. Skulle dei nye planane om korleis arbeidskvardagen skal bli få gjennomslag vil også fleire av dei som allereie er i skuleverket vurdere andre jobbar, skal ein tolke debatten.
Det betyr i klartekst at det vil bli ein stor mangel på utdanna lærarar i den norske skulen og det i løpet av få år.
Med det sterke fokuset frå sentralt politisk hald om ein betre norsk skule så er det rart at ikkje lærarane i staden for nye konfliktar ikkje heller får arbeidsro. At ein legg til rette for vidareutdanning, oppfølging og styrking av tidleg innsats, meir tilpassa opplæring og eit fokus på dei elevane som er i fare for å droppe ut av skulen. Så kan arbeidsgivar og forbund heller ta ein alvorleg debatt om korleis ein skal kvitte seg med, eller oppdatere dei som står fram som dårlege og utdaterte lærarar.
Å gå til krig mot ei heil yrkesgruppe som stadig står overfor nye krav og tilpassingar kan ikkje føre noko som helst godt med seg.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør