Peder Stokkan, Cecilie Pallesen, Malin Kili, Kristine Breistein og Glenn Arne E. Yrke grublar vidare på sin idé om ei klokke for diabetikarar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Peder Stokkan, Cecilie Pallesen, Malin Kili, Kristine Breistein og Glenn Arne E. Yrke grublar vidare på sin idé om ei klokke for diabetikarar.

Gründerspirer

Peder Stokkan balanserar på pulten i beste skuletid. Målet er å inspirere ungdommen til å tenke nytt.

Årets «Gründercamp» blir arrangert på ungdomsskulane og medarrangør Haugaland Kraft har eit heilt klart mål for møtet med ungdommane.
– Me vil så ei spire som kanskje endar med nye ingeniørar eller gründerar på sikt. Og ungdommen lar seg verkeleg rive med. Her på Frakkagjerd har dei gode erfaringar med denne konkurransen, då dei vann i fjor. Men det handlar ikkje berre om å vinne, det handlar om å tenke, gruble, samarbeide og å bygge. Dei imponerar, seier Alf Olav Grinde i Haugaland Kraft.
Spanande
I eit av klasseromma på skulen finn me altså Peder oppå pulten, balanserande på eit tårn gruppa hans har bygga med små klossar.
– Den skal tåle at me står på den, og det ser ut til at ein motsatt pyramide var ei lur løysing på oppgåva. Slike oppgåver er kjekke å jobbe med, seier grindebuen i 9. klasse.
Gruppa hans har også ein idé om kva dei vil jobbe vidare med som sitt forskingsprosjekt.
Klokke
– Me vil prøve å lage eit prosjekt som viser korleis ein kan lage ei diabetesklokke, som både varslar når ein skal ta insulin, og som har eit lite rom der dei kan ha sprøyta. Me har litt erfaring i gruppa med diabetes, og veit at ei slik klokke kunne vore til hjelp. Me skal uansett lage ei skisse som viser korleis me ser for oss korleis ei slik klokke kan sjå ut, seier Cecilie Pallesen, Malin Kili, Kristine Breistein og Glenn Arne E. Yrke, som er på gruppe med Stokkan.

Les meir i papirutgåva