Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

– No må det skje noko med Hamrane 2!

Rådmannen har invitert Norsk Forbund for funksjonshemma med på ein strukturgjennomgang av plasseringsalternativa av Hamrane 2-prosjektet.

Fleire politikarar meiner at kommunen bør gå for den opphavlege planen, og at det må skje no!
Av Mona Terjesen
– Kommunen må velje kurs no. Det er mange som står i kø her, sa hovudutvalsleiar Svein Terje Brekke (KrF) under årsmøtet til Norsk Forbund for funksjonshemma i Tysvær førre veke.
Har plikt
Politikarar frå Ap, Høgre, KrF og Senterpartiet var tilstades under det årlege møtet, og fleire tok til ordet for ei snarleg løysning på Hamrane 2-spørsmålet. Fleire meiner at dei opphavlege Hamrane 2-planane bør gjennomførst. Brekke påpeikte at det er komme andre interessentar på banen i forhold til tomta og at driftsutgiftene er senka med 20 prosent. Det ligg til rette for å kunne gjennomføre prosjektet som planlagt.
Også forbundsleiar Jens Petter Gitlesen i NFU var tilstades, han hadde eit innlegg der han mellom anna påpeikte at kommunen er plikta til å skaffe dei bustadane som trengs.
Foreldre er skuffa over kommunen og ordføraren. NFU var med i utredinga av Hamrane 2 frå starten, og meiner at dette er eit godt gjennomarbeidd forslag, som politikarane må seie ja til, seier leiar i Tysvær NFU Synnøve Bårdsen Lindanger.

Les heile saka i papirutgåva