Det stadfestar ein ved lensmannskontoret i Aksdal.
– Det har vore eit gjennombrot i fleire saker som har prega nyhendebilete på Haugalandet dei siste vekene. Men det skal ikkje vere ein link mellom dei tre karane som blei tatt måndag og dei mange innbrota i ytre deler av Tysvær, om ein ser vekk frå eit innbrot på Høievegen kor det forsvann mykje verktøy. Det er også oppklart og ein person er avhøyrt, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.
Difor ønskjer framleis politiet observasjonar gjort på Frakkagjerd og i Førre i februar.
Onsdag blei det også meldt om tjuveri av rullar med kobbartråd frå ei verksemd i Slåttevik. Politiet har vore på staden og sikra spor.
Verdien på desse rullane skal vere på fleire hundretusener av kroner.
Har du tips: politiet 02800