Christian Andersen (t.h.) har mange gode medspelarar på laget for å få på lufta HTV på måndag. Ein av dei er videoleiar og produsent Kristen Borum.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Christian Andersen (t.h.) har mange gode medspelarar på laget for å få på lufta HTV på måndag. Ein av dei er videoleiar og produsent Kristen Borum.

HTV frå måndag av

Måndag får TV Haugaland og NRK kamp om lokale fjernsynssjåarar. Haugesunds Avis satsar stort på å bli ein del av TV-vanane våre.

I mediehuset i Karmsundsgata jobbast det på spreng med dei siste detaljane. Programleiar drillast og studio byggest om i ekspressfart. Digitalredaktør Christian Andersen har jobba hardt for løna dei siste vekene.
– Kvifor vil Haugesunds Avis satse på lokal TV?

Me har mykje stoff som kan nyttast på TV slik me allereie jobbar i dag

– Me har mykje stoff som kan nyttast på TV slik me allereie jobbar i dag. I tillegg har me dyktige fagfolk innan det ein kan kalle den digitale mediekvardagen. Så hovudpoenget er å få utnytte det me rår over i dag på ein endå betre måte. I tillegg ser me på lokalfjernsyn som eit nytt bein å stå på i mediehuset, seier Andersen.
– Det er allereie eit stort medielandskap på Haugalandet. For stort?
– Nei. Me trur at HTV kan vere med å bidra med eit godt produkt, med stort fokus på nyhende og ein variert fjernsynsmeny.

Les meir i papirutgåva