Eldhuset betyr mykje for Åsmund Vae som sist fredag gav seg etter 39 år på Førre skole både som lærar og inspektør.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Eldhuset betyr mykje for Åsmund Vae som sist fredag gav seg etter 39 år på Førre skole både som lærar og inspektør.

– Ein merkeleg dag

Etter 39 år gir Åsmund Vae seg medan leiken er god. Dermed manglar det eit kjent fjes i skulegarden på Førre skole når vinterferien er slutt.

Det er alltid vanskeleg å skilje om det er feiring eller sorg når ein institusjon i institusjonen takkar av. Etter å ha høyrt rektor Øyvind Eileraas si avskjedshelsing så har Vae sitt bidrag som både inspektør og sosiallærar vore av det rause slaget.

Det er så rart at Åsmund skal slutte

– Det er så rart at Åsmund skal slutte. Han har alltid vore her. Han er her om morgonen, han er her når nokon har det vondt, han er her for både liten og stor. Eg trur alle har det litt vondt nå når han skal slutte, sa Eileraas under ein felles morgonsamling.
Rart
Hovudpersonen sjølv måtte opp på scenen for ein siste hyllest frå både små og store. Ein nymåla overhead var mellom gåvene frå dei tilsette. Ein flott song var eit av mange bidrag frå elevane.
– Det er ein merkeleg dag. Det blir rart å ikkje stå i skulgarden å ta imot elevane om morgonen og det blir rart å pakke saman alle sakene mine på kontoret, seier pensjonisten.
– Kjem du til å klare å halde deg vekke frå skulen?
– Nei, og det er heller ikkje meininga. Eg har eit spennande prosjekt oppe i lia her. Eldhuset er reist, men mykje arbeid står att. Der skal eg gjere ein jobb, så heilt vekke blir eg ikkje. Dette har vore eit prosjekt som har vore svært inspirerande og det ville vor heilt feil om eg berre trakk meg ut nå. Men eg føler samstundes på at eg gir meg mens leiken og helsa er god. Eg har mange hobbyar eg nå vil prøve å få meir tid til, seier Vae.

Les meir i papirutgåva