Nei til storbyalternativet!

Rogaland fylkeskommune har i sine planar for ein samordna areal- og transportutvikling utvikla alternative konsept for ei framtidig utvikling av dei ni kommunane på Haugalandet.

Dei ulike alternativa har vore vegbasert/spredt som konsept 1, by og tettstad som konsept 2 og storbyalternativet som konsept 3.
Tysvær Krf. tar klart avstand fra storby alternativet. Tysvær sin identitet er knytta opp til tettstader og ulike bygdesamfunn. Vi bur for det meste i landlege område og ønskjer å utvikla dei ulike tettstadene rundt om i kommunen. Eit godt oppvekstmiljø består av gode skule- og barnehagar, og trygge skulevegar der ein kan gå eller sykla til skulen der det er mulig. Varierte idretts- og kulturtilbod er og ein viktig del av eit attraktivt nærmiljø. Tysvær kommune er derfor best tent med alternativ 2 som er by og tettstadsutvikling. Det å utvikla tettstadane og bygdesentra står ikkje i motsetning til å utvikla Haugesund som regionsenter på Haugalandet.
Når det gjeld transportplanar må vi utnytta den nye T-forbindelsen til å utvikla busstilbud for ungdommar fra Vindafjord og Tysvær som ønskjer å gå på videregåande skule på Karmøy. Dessutan kan eit ringbussalternativ fra Aksdal-Mjåsund- Håvik / Raglamyr-Haugesund vera med på å styrkja kollektivtrafikken i området. Her har Kolumbus eit forbetringspotensial og fylkeskommunen må komma på banen med alternative bussruter. Rogaland fylkeskommune har i sine planar ikkje tatt høgde verken for T-forbindelsen eller eit framtidig Rogfast i sine planar for Haugalandet.
Etter fullføring av T- forbindelsen er søre del av Tysvær blitt eit sentralt område i regionen med eit kvarters kjøretur til Raglamyr, flyplassen og Kopervik. I tillegg ligg området midt mellom Haugaland næringspark og Kårstø. Områdereguleringsplanen som nå skal utarbeidas for området Tysværvåg- Slåttevik vil derfor vera eit viktig virkemiddel for å leggje til rette for ei framtidsretta utvikling i denne delen av kommunen.
Fortetting må vi leggja til rette for i sentrale strøk som i Aksdal og Førre der det er ledig skulekapasitet. I Førland, Skjoldastraumen og Nedstrands-området må vi og sikre at folketallet blir oppretthalde eller auka for å gje grunnlag for å oppretthalde skulane i området.
Når Tysvær kommune går for alternativ 2 med by og tettstadsutvikling har kommunen eit spesielt ansvar for å utvikla livskraftige tettstader. Dette gjeld særleg i Skjoldastraumen, Nedstrand , Førland og Tysværvåg /Slåttevik området.

For Tysvær Krf.
ved varaordførar
Kristine Aurdal