Geir Espevik gav som vanleg alt i duellane, men det var Are Søderlund og Djerv 1919 som var best i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Geir Espevik gav som vanleg alt i duellane, men det var Are Søderlund og Djerv 1919 som var best i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Falkeid fekk ein leksjon

Djerv 1919 og Are Søderlund gav Falkeid ein skikkeleg skuletime i effektiv fotball. Åtte mål, men berre fire målskårarar var det som skulle til i 7-1-kampen.

Rune Lindanger skåra før kampen begynte og gav eit lite håp om eit heiderleg resultat. Men Are Søderlund brukte berre fire minuttar på å utlikne. Så begynte Djerv-kaptein Sigurd K. Åsmundstrand sitt lille private show. Han sit første av fire mål sendte heimelaget i leiinga til pause.
– Me var ikkje heilt med dei første ti minuttane. Så blei det betre og den siste halvtimen av 1. omgang var me med og det var vår «bit» av kampen, seier Falkeid-trenar Frode Hundsnes.
Mål
Etter pause fekk kaptein Åsmundstrand ein ny mulegheit, før Søderlund igjen var frampå og kampen var for lengst punktert.
– Det som var litt trist i dag og som gjer at eg ikkje er nøgd er at me gjekk heilt tomme mot slutten. Me hadde i dag ei morgonøkt på Troppene, lunsj og møtte motiverte til kamp. Men det gjekk ikkje og på slutten var det bokstaveleg talt slutt, oppsummerar Hundsnes.
Tre baklengs dei siste åtte minuttane seier sit om skilnaden på dei to laga. Og då hadde også Falkeid-keeper Daniel E. Gjerde fleire gode redningar.
– Falkeid ser bra ut spør du meg. Det raknar litt mot slutten, men her er det fleire gode spelarar. Sjølv er eg i god form og det er alltid kjekt å lage mål, smila Djerv1919-spissen Søderlund.

Faktaboks

Djerv 1919 7 (2)
Falkeid 1 (1)
Vintercupen
Djervbanen
0-1 Rune Lindanger (0)
1-1 Are Søderlund (4)
2-1 Sigurd Åsmundstrand (35)
3-1 Sigurd Åsmundstrand (51)
4-1 Are Søderlund (53)
5-1 Sigurd Åsmundstrand (82)
6-1 Sigurd Åsmundstrand (89)
7-1 Bastian Aaredondo (90)