Sander Hettervik skåra to ganger mot Stegaberg.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Sander Hettervik er tilbake i Skjold

Skjold vann juniorslaget

Skjold var storfavorittar mot Stegaberg då dei to klubbane sine juniorlag møttest i kveld. Framføre 100 tilskodarar vann dei «berre» 2-1.

Håkon Peters sendte Stegaberg i leiinga før kampstart då han skåra på straffe, slik reglane i vintercupen er.
Men det var skilnad på laga, sjølv om den voldsomme Skjold-dominansen uteblei og dei fekk Vegard Steinsland utvist.
To mål av Sander Hettervik gjorde at Skjold framleis er storebror, også i juniorklassen.