Brannvesenet har rykka ut til ein brann på Førland.
Brannvesenet har rykka ut til ein brann på Førland.

Store skader etter brannen i natt

Like før klokka 21.30 tysdag kveld fekk brannvesenet melding om ein brann på Førland. Store mannskap rykka ut til ein einebustad på Krabbatveit. Brannen har gjort store skadar på einebustaden

Då Tysvær Bygdeblad var i kontakt med brannvesenet nå klokka 22.20 hadde dei ikkje kontroll over brannen som skal ha starta i toppetasjen på huset.
Politiet melder på Twitter det ikkje skal vere personskade.
Ein Bygdeblad-tipsar melder om røyk og mykje blålys. Ein annan har sendt melding om at folk bør halde seg vekke og ikkje skape unødvendig kø på vegen.
Politiet er sjølvsagt på staden.
Klokka 23.13 har me fått inn tips om at flammane i taket har avtatt og at det har roa seg.

Når dagslyset kom såg ein at det er betydelege skadar på huset.
Det er ikkje sagt noko om årsaka til brannen.