Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken.

Eit langt steg vidare

Denne veka skjer det store ting i vernebygget i Nedstrand. Botnramma og vindauga skal på plass.

Vindauga i vernebygget skal komme til bygda denne veka. Det betyr lysare og tørrare arbeidsforhold for dei som nå forsiktig legg stokk for stokk og puslar saman tollboda. Og nå har dei fått eksperthjelp. Henning Olstad er ein av landets fremste på lafting og lafteteknikkar. Med bilen full av økser skal han vere med dei neste dagane.
– Dette er eit viktig prosjekt som eg håper mange kjem og ser nærare på når det står ferdig. Å kunne ta vare på slikt er viktig og eg ser allereie nå første dagen at ein faktisk har brukt to lafteteknikkar her i Nedstrand. Spennande, smiler Olstad.
Spente er dei allereie i Nedstrand. Etter at vernebygget har reist seg har dagen då Tollboden bit for bit skulle bærast over kaien nærma seg. Og nå er ein i gang.
– Ein del av stokkane er så pass øydelagde at me må forsterke dei. Men det skal ikkje øydelegge inntrykket av at dette er gamalt handverk. Me skal ned til minste detalj sørgje for at dette skal vere likt og gjort på same måten. Det er difor eg har med meg ei øks for kvar teknikk, seier Olstad, som har vore med på fleire store lafteprosjekt både i Noreg og i utlandet.

Les heile saka i papirutgåva.