Av Mona Terjesen
Etter formannskapsmøte for eit par veker sidan, har rådmann Arvid S. Vallestad vore i kontakt med samferdselssjefen for å få oppklart kven som eigentleg har ansvaret for skyssen til Borgøy. Etter at det blei kjent at fylkeskommunen kuttar støtta si og tilbodet blir dyrare for Tysvær kommune, fann Ola S. Apeland (H) og Sigmund Lier (AP) ut at det etter boka er eit fylkeskommunalt ansvar. Dette har Vallestad no fått bekrefta.
– Det er heilt klart, at slik transport i lov og forskrift fullt og heilt er eit fylkeskommunalt ansvar. Tysvær kommune kan sjølvsagt påta seg eit slikt ansvar, dersom me meiner det er gode grunnar til det. Men det blir ikkje gitt midlar til det i det sentrale inntektssystemet for kommunane. Fylkeskommunane får derimot statlege midlar til dette, sa rådmannen frå talarstolen tysdag kveld.
Les heile saka i papirutgåva.