Jostein Epland kan skyte HHK til ein kvalikplass. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jostein Epland kan skyte HHK til ein kvalikplass. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Tar det som det kjem

Årets 1. divisjon har enda opp som eit gedigent mattestykke. HHK kan med siger og mykje flaks feire kvalikplass, sundag.

Etter å ha slått tabellnabo St. Hallvard med tre mål kan Kristoffer Froestad nok ein gong gå inn i garderoben føre ein heimekamp vel vitande om at spel i eliteserien framleis vagt blinkar i det fjerne. Men hugs at Viking vann med åtte mål sist dei møttes. Det var på bortebane. Nå er det Sysco Arena som er leikestova. Dette er siste serierunde og presset på topplaga er enormt.
– Me har ikkje tapt heime og det har me heller ikkje tenkt å gjere denne gongen. Fleire av dei har hatt dette som mål lenge og då kjem det automatisk stress inn i troppane. Me har allereie passert våre mål for sesongen for lengst og tar det som det kjem når alt skal teljast opp på sundag, som ein bonus, seier Froestad.
Ustoppelege
Korleis nokon skal kunne vippe HHK av pinnen heime er vanskeleg å sjå. Stabilt solide sidan lenge før jul har gitt laget den litt uventa mulegheiter til å få spele kvalifisering til eliten. Men då skal alle resultata gå laget sin veg.
– Me må vinne mykje og eit av dei andre laga må bukke under for presset. Det skal mykje til, men me går på banen for å vinne. Det har me hatt fokus på i heile vinter og me gjer ikkje noko annleis nå i siste serierunde, seier trenaren.
For å få maksimal støtte er det gratis å gå på serieavsluttinga.
– Det har vist seg at me klarar å hente ut det litle ekstra når det er mykje folk på kampane våre. Så me håper og trur på mykje folk sundag. Spelarane er i alle fall klare til kamp. Trur ikkje eg treng å bruke mykje energi på å motivere dei. Dette er ein kamp alle vil spele og kor alle vil gi alt, seier Froestad.

Les heile saka i papirutgåva eller kjøp e-avis her: https://www.buyandread.com/pub.htm?pub=tysvarbygdeblad