Stig og Ann-Elin Nordgård opna Verkstaden selskapslokale i Rønnevik i helga. 
Foto: Mona Terjesen
Stig og Ann-Elin Nordgård opna Verkstaden selskapslokale i Rønnevik i helga.

Frå verkstad til «Verkstaden»

I mange år dreiv dei snikkerverkstad i bygget, no er det omgjort til eit lekkert selskapslokale. Sist helg opna Stig og Ann-Elin Nordgård «Verkstaden».

Av Mona Terjesen

Steinfliser, kvit- og gråmalte veggar, røft og rustikt interiør, store, glitrande lysekroner, eld i omnen, store vindauge med havutsikt… heimekoseleg, men ope og romsleg. Inntrykka er mange når ein stig inn i Verkstaden selskapslokale i Rønnevik.

Opningsdagen
– Velkommen.
Det er Stig som tar imot oss. Me går gjennom ein stor kvitmalt entré. Det er høgt under taket. Detaljane som gjer at bygget minner om ein verkstad, heng sirleg på alle veggane. Ein stor skiftenøkkel fungerer som knaggrekke, ei gammal sag pyntar opp veggen, ein høvelbenk fungerer som bord for velkomstdrinkar, stanga til kleshengarane blir heldt oppe av ein kjetting og både veggar og toalettdører er pryda med handskrivne dikt.
Me går inn i stua, sjølve selskapslokalet. Der treff me Ann-Elin. Ho sitt og brettar serviettar. Borda er så godt som ferdigdekka. Det er fredag ettermiddag og dagen før opninga av Verkstaden, med Embla-konsert og spikarsuppe på menyen.
¬– Me slappar godt av, det meste er på plass. Det skal bli godt å kunne ta imot gjestene, servere dei, så sette oss tilbake sjølve også, og nyte konserten og ikkje minst prate med dei som kjem, seier Ann-Elin.
Trass i at det var offisiell opning laurdag 15. mars, innvia paret lokalet for et par veker sidan. Då feira dei gullbryllaupet sitt, med 45 gjester.
– Me har utruleg god hjelp frå venner og familie gjennom heile prosessen, og på sjølve dagen då me skulle feire gullbryllaupet, jobba me på spreng for å komme i mål. Det gjekk akkurat, men jammen var me trøtte då me la oss, fortel Stig og Ann-Elin blidt.

Les heile saka i papirutgåva eller kjøp e-avis her:
https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/