Margaret og Arvid Bakken ønskjer ei løysning på framandspråk 2-problemet i ungdomsskulen no. 
Foto: Mona Terjesen
Sommer, sol, folkeliv og slusing... Foto: Mona Terjesen

Får ikkje barnehageplass i bygda

Litle Jakob Jørgensen frå Slåttevik (1) må sitte ein time i bilen kvar dag for å gå i barnehagen i andre enden av kommunen.

Av Mona Terjesen
Satsing på søre del av Tysvær, ny barne- og ungdomsskule, god barnehage og nærbutikk. Primærtilbodet som kommunen skisserer i kommuneplanen, er mykje av grunnen til at Kristian Jørgensen og Irene Høyvik Jørgensen valte å flytte til Slåttevik for snart to år sidan. Til hausten er sonen deira Jakob, klar for å byrje i barnehagen. Men han får ikkje plass i Tysværvåg, eit par kilometer unna heimen på Slåttevik. I staden må ekteparet kjøre ein time til dagen – for Jakob har fått plass i Førresdalen, 36 kilometer unna.
– Me frykta at det kom til å skje, for me visste jo at det var sprengt i Tysværvåg, heile 16 ungar står jo på venteliste. Men då me fekk svaret svart på kvitt så var det likevel eit stort nederlag. Me kjem til å klage, og får me han ikkje inn i nærleiken så kjem me heller til å søke plass i Haugesund, kor me jobbar, fortel ekteparet, då me besøker dei i funkishuset deira på Slåttevik måndag morgon.
Det er ikkje berre kjøretida som gjer at småbarnsforeldra kvir seg for å sende sonen i barnehagen i andre enden av kommunen.
– Det er mange ungar på same alder i nabolaget, som Jakob kjem til å vakse opp saman med. Det er utruleg trist om han ikkje skal få gå i barnehagen saman med dei. At han skal gå med ungar som han ikkje treffer elles, og ikkje skal gå på skule med, seier Irene.

Les heile saka i papirutgåva.