Kreft

Tysvær kommune har fått seg kreftkoordinator. I utgangspunktet ein av eit uttal av stillingar innan helse og omsorg.

Men etter å ha møtt kreftkoordinatoren og høyrt kva jobb dette er, så sit ein att med ei kjensle av at akkurat slike jobbar treng samfunnet fleire av.
Det er eit lågterskeltilbod til menneske som hamnar i nærkontakt med den forferdelege sjukdomen. Forferdeleg både fysisk og psykisk.
I Noreg er me komme langt i kreftforskinga og det blir gjort eit framifrå arbeid både innan forsking og oppfølging. Talet på dei som overlever sjukdomen stig. Det gjer også talet på dei som får kreft. Ei av årsakene til det er at ein er blitt langt flinkare til å oppdage sjukdomen på eit tidleg stadium.
Men likevel er det noko med ordet kreft. Det er nok å berre høyre om kreft, så kjenner ein seg uvel. Å få det inn på kroppen, bokstaveleg talt, er ei kjensle ein ikkje unner nokon. For det rammar ikkje berre pasientane, men heile familiar, arbeidsplassar og lokalsamfunn. Me både høyrer og les sterke historier om kampen for å bli frisk, kampen for å vere tilstades og ikkje minst kampen for å få eit verdig liv.
Når ein då får midlar i Tysvær til å opprette ein slik koordinatorstilling kan det bety svært mykje for svært mange. Det å ha ein person det går an å ta kontakt med, enten for å få vegleiing og litt hjelp i systemet, eller for å få den «rette» informasjonen vil garantert lette på kvardagen.
I dagens samfunn snakkar me ope om det meste. Likevel kjem ein til ein vegg når ordet og sjukdomen kreft dukkar opp. Sjølv ikkje moderne openheit har klart å knekke ned frykta og angsten for denne snikande sjukdomen.
Men kva er det så ein kan trenge hjelp til?
Det er mykje og det er mykje ein ikkje tenkjer på før ein er oppe i det. Pasientar kan ha spørsmål om alt frå kva framtidsutsikter ein kan sjå føre seg, til kva hjelpemiddel ein kan ha krav på. Dei lurer også på korleis det vil gå med familien eller folk rundt seg, om verste utfall døden, skulle inntreffe.
Pårørande lurar på korleis ein skal hjelpe til og støtte. Det kan også vere praktiske spørsmål. Uansett kor sjuk ein er, eller kor langt nede ein familie er, så går verda rundt dei vidare i same tempo og med same krav.
Då kan ein koordinator, som kan vegleie og sende ein vidare til dei rette instansane vere av ubetalelig hjelp. Det kan vere ein skilnad mellom fullstendig kaos og ro. Difor håper eg denne stillinga i framtida blir ein fast del av kommunen sine tenester, sjølv om ein for tida er i sparemodus. Når ein ser kva konsekvensar sjukdomen spreier rundt seg så er dette ei stilling som gir hjelp og støtte langt utover sjukesenga.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør