Denne veka kunne arrangørane av jubiluemsfesten i Aksdal lette litt meir på sløret og informere om kven som skal syngje og spele. Tidlager blei det kjent at eit stort felleskor og alle korpsa i Tysvær skal i elden. I tillegg kjem det også fint besøk:
PAUL HANSEN M/ NILS & TORBJØRN ØKLAND (Vamp)
Vamp- og Cortina sangar og låtskrivar Paul Hansen har fått med seg strengebrødrene Økland til eit spennande musikalsk samarbeid. Dette blir fyrste opptredenen for dessa profilane i lag. Hansen er saman med Odin Staveland dei yngre drivkreftene i Vampleiren.
MIA MARLÈN BERG
25 år gamle Berg kjem fra Førre og har nylig fullført sin master som utøvande musikar og komponist ved prestisjefylte Rytmisk Musikkonservatorium i København. Jazzvokalisten har to plateutgivelsar bak seg og ho har opptrådt på fleire store festivalar i Norden. Ho er frontvokalist og hovudkomponist i bandet Doffs Poi som slapp album i 2013 . «Et Øyeblikk Av Savn» har gått mykje på Radio 102 etter nominering i Danish Music Awards, ein folke-inspirert sang som ho har skreve saman med folkegruppa Fjärin. Mia Marlen er for tida opptatt i musikalen Hundre hemmligheter ved Trøndelag teater, men prioriterer å ta ein tur heim til Tysvær til folkefesten 17.mai.