Ny suksess ved Grinde skule. Foto: Privat
Ny suksess ved Grinde skule. Foto: Privat

«Bånn gass» i Grinde

Sist veke var det stor stemning på Grinde skule. Bånn Gass – aktivitet skapar trivsel og læring var tittelen på ei stor førestilling.

– Torsdag 27.mars var det duka for stor førestilling i amfiet på Grinde skule. «Bånn Gass – aktivitet skapar trivsel og læring» var tittelen. Og Bånn Gass blei det. Alle elevane var på scenen og det vart song, dans, filmar og produksjon av elefanttannpasta! To utsolgte framsyningar med eit publikum som kosa seg stort. Avslutninga med songen «Du er suveren» løfta omtrent taket på skulen. Takk til elevar, vaksne og publikum for ein minnerik kveld, seier rektor Astri K. Eliassen.