Godt humør og klar til seriestart. Frå venstre: Kjetil Bruland Sørensen, Per Willy Rullestad, John Flengstad og Petter Mortveit.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Godt humør og klar til seriestart. Frå venstre: Kjetil Bruland Sørensen, Per Willy Rullestad, John Flengstad og Petter Mortveit.

Godt humør tross kjeft

Fem Tysvær-dommarar skal i år dømme på seniornivå. Det betyr fart, moro og dugeleg med kjeft.

– Me synes det er blitt betre dei siste sesongane. Litt kjefting er det, men på ingen måte så mykje at det å dømme fotballkampar kjennest som utrygt eller eit ork. Gjer ein dei rette grepa tidleg, snakkar med trenarar, lagleiarar og spelarar, så går det som oftast bra, seier Petter Mortveit, Skjold, John Flengstad, Falkeid og dei to Stegaberg-dommarane Per Willy (PW) Rullestad og Kjetil Bruland Sørensen. Saman med Ole Bugge Jensen står kampane tett utover våren. Me samla fire av dei på kunstgraset i Grinde for å sjekke ut nye reglar, humøret og ambisjonane.
Nytt
Det kjem alltid nokre nye reglar ved seriestart. Nokre gjer det lettare å dømme, andre gir eit stressande meirarbeid.
– Det som kanskje er det mest synlege i år er at ein i ungdomskampar frå 13 år kan gi ein «femminuttar». Då blir spelaren utvist for ein kort periode for å kjøle seg ned. Elles er det eit sterkare fokus på «Fair play», fortel kvartetten.
– Merkar dommarane at det nærmar seg seriestart?
– Heilt klart. Sjølv om me har vore i gang sidan tidleg i januar merkar me at det er eit anna trykk nå når det blir kamp om poenga. Men slik er det også blant dommarane. Me ser at det er litt ekstra tenning nå, seier dei fire.

Les heile saka i papirutgåva.

https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/