Tysvær + Bokn + Karmøy= sant?

Kven skal Tysvær fri til i den kommande debatten om kommunesamanslåing?

Det er på mange måtar eit ope spørsmål nå som regjeringa kjem med stadig nye retningsliner og utspel. Skal ein vere offensiv og angripe slik at ein står att med det «landskapet» ein vil, eller skal ein trekkje pusten djupt og håpe at statsråd Jan Tore Sanner ser forbi oss?
På ein måte vil det vere svært freistande for Høgre-kommunen Tysvær å sjå nærare på sine Høgre-naboar i vest. Men stadig fleire meiner at Haugesund er ein storebror ein kan klare seg utan. Derimot er Karmøy spanande, landleg og på mange måtar lik Tysvær. Og i sør ligg Bokn kommune, portalen til sørfylket.
Å slå seg saman handlar ikkje berre om vilje, men om kva ein kan få ut av eit samarbeid. Og der strides dei lærde i god tid før ein i det heile tatt har satt seg ned og diskutert.
Og det er ein ting som slår meg og som eg tidlegare har stilt spørsmålsteikn ved.
Kva garanti har me for at vår region kjem styrka ut av ei samanslåing?
Er ikkje noko av styrken til nordfylket rett og slett mange og solide kommunar som på kvar sin måte har fått ut det beste i den kommunestrukturen som er i dag. Er ikkje noko av styrken til Haugesund at det er ein isolert by? Er ikkje Tysvær blitt ein solid kommune fordi ein her har kunne utnytte og utvikle dei mulegheitene som mellom anna Kårstø-anlegget har opna for?
Difor blir ein litt nysgjerrig når stadig fleire opnar for at ein bør sjå på ein kommune med front mot sør. Kor industriområda på Karmøy ligg parallelt med industriområda i vår kommune. Der dei fleste framleis bur på landet og det å søke bysentrum gjerne skjer mot nabokommunen Haugesund eller mot Stavanger. Kva politikarane meiner, eller er pålagt å meine er ein ting, men det er inga hemmelegheit at «venskapet» mellom haugesundarane og karmøybuen ikkje er all verda. Den støyen som vil komme mellom dei to store i ein eventuelt samanslåingsdebatt vil garantert skape bølgjer.
Så då er kanskje det å vere føre var, å komme på gli med Karmøy og Bokn det som kan tene det Tysvær me kjenner og likar så godt best. Så får Haugesund komme på banen med noko som er spanande for oss andre. Eller å vere ein bykommune som grensar inn mot den nye nabokommunen. Eg kan ikkje sjå ein grunn til at Tysvær på veg inn i sitt 50. år skal måtte stå med lua i handa og vente på kva dei andre gjer.
Om då ikkje våre Høgre kvinner og menn håper at regjeringa deira i Oslo ikkje ser eller høyrer dei og håper på at me blir gløymt i tida som kjem.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør