Margaret og Arvid Bakken ønskjer ei løysning på framandspråk 2-problemet i ungdomsskulen no. 
Foto: Mona Terjesen
Sommer, sol, folkeliv og slusing... Foto: Mona Terjesen

Dårleg produksjon

Me hadde høyrt mykje om dokumentarfilmen «Kampen mot vekten» før premieren denne veka. Dessverre så innfridde han ikkje.

Om eg berre skulle sagt noko om dei som medverka i filmen, dei som baud på seg sjølve og delte frå sitt inste – så ville eg utan tvil trilla ein seksar. Men dessverre forsvann dei gripande historiene deira i ein dårleg laga film.
At Cato M. Ekrene berre har hatt 220.000 kroner til å lage denne filmen med, er tydeleg. Dei heilt elementære ferdigheitene er ikkje til stades. For eksempel så filmar dei stadig i motlys og heile bildet brenn ut og blir grumsete. Ingen bakgrunnsstøy er fjerna frå lyden, og halve hovud blir klippa på grunn av dårleg kamerahandtering. Det er også tydeleg at ein berre har filma med eitt kamera – frå ein vinkel. Me endar opp med å sjå mange av intervjuobjekta frå ei side, helst i heilprofil. Dette gjer at me aldri får blikkontakt med dei, og får aldri sjå verken kroppsspråk eller uttrykk. Det er utruleg synd. For mange av historiene er sterke og viktige. Dei hadde fortent å bli servert på ein meir verdig måte.
Særleg gripande var det å høyre den 12 år gamle jenta fortelje om korleis ho heile barndommen har blitt mobba for storleiken sin. Me fekk rett nok sjå henne rett i ansiktet, me fekk sjå tårene som trilla og det gjorde inntrykk. Men også henne burde dei komme nærare på og fått fram enda meir av følelsar og kroppsspråk.

Aller verst var opningssekvensen, der hovudpersonen Ingrid blir intervjua. Me ser henne berre frå sida. Intervjuaren Peter Holte er konstant i bildet, han snakkar meir enn han stiller spørsmål, og både bilde og lyd er dårleg. Bakgrunnsstøyen er så høg innimellom at me ikkje høyrer kva som blir sagt. Live on tape-filminga fungerer ofte i slike dokumentarar. Det gjer ikkje noko om kamera rister litt og bildet er autentisk og ikkje glansa. Men dette går dessverre over til det amatørmessige.
Ein kan både forklare og unnskylde produksjonen. Ekrene hadde ikkje meir pengar. Så enkelt er det. Han måtte ty til venner, familie og bekjente for å få laga filmen. Spørsmålet er om han ikkje burde jobba enda meir for å få inn midlar, søkt støtte i alle krinkar og krokar, spinka og spart så godt det er – og heller lagd filmen når finansane var på plass? Antakeleg ville produktet blitt eit anna då. For ideen er god, veldig god. Og som sagt så leverer intervjuobjekta. Ein proffare produksjon, mykje strammare manus og ein klarare rød tråd – og dette ville blitt ein god dokumentarfilm. Ein film som kunne gjort det godt over heile landet. Det kan bli spennande å sjå korleis dei tar imot han på dei åtte plassane han skal visast.

Mona Terjesen

Faktaboks

«Kampen mot vekten»
dokumentarfilm 2014
Manuel Film/Cato M. Ekrene

Premierekveld
Edda kino
Ca 300 tilskodarar
Rød løpar
Talar og utdeling
Tysværbuane:
Anders Amdal (klipping),
Alexander Søderlund (rolle)
og HHK (rolle) medverka
i dokumentarfilmen
Fleire scenar spelt inn i
Tysvær