Av Mona Terjesen
Før påske var dette ei av sakene som formannskapet i Tysvær tok stilling til.
Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høring eit forslag til endringar i helse- og omsorgstenestelova, samt pasient- og brukarrettslova. Forslaget gir reservasjonsmoglegheit for fastlegar og rett til å skifte fastlege ved reservasjon. Departementet foreslår å opne for at kommunar kan inngå avtale om reservasjon med fastlegar som av samvittigheitsgrunner ikkje ønskjer å henvise kvinner til abort. Forslaget bygger på forhandlingar mellom regjeringspartia Høgre og FrP, og i tillegg KrF.
I departementet sitt forslag seier dei mellom anna:
«Endringar i lov og forskrift skal gi muligheit for fastlegar til å reservere seg mot henvisning og behandling ved alvorlige samvittigheitskonfliktar knytt til liv og død. Med alvorlige samvittigheitskonfliktar meines først og fremst abort. Forslaget omfattar ikkje reservasjon mot føreskriving eller
innsetting av prevensjon eller henvisning til assistert befruktning. Kommunen får adgang til å inngå avtaler med fastlegar om at desse kan reservere seg av
samvittigheitsgrunner mot å henvise kvinner til abort».
Les heile saka i papir utgåva