Blir ikkje Fairtrade-fylke



Tysvær kommune vart Fairtrade-kommune i 2010. Tysdag denne uka debatterte fylkestinget om Rogaland skal prøva å bli fyrste Fairtrade-fylke i Noreg. Forslaget vart nedstemd.



– Veldig mange menneske ynskjer å bidra i kampen mot fattigdom, men veit ikkje heilt korleis. Ved å gjøra Rogaland til Fairtrade-fylke, så kunne me ha få satt fokus på fattigdomsproblematikken i verda og korleis me som enkeltmenneske kan utretta mykje gjennom våre daglege gjeremål, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde.

Det var fleirtalspartia i fylket Høgre, Frp og Krf som stemde ned forslaget.

– Det er trist at fleirtalet av fylkespolitikarane føretrekkjer å velja kaffemerke sjølv, framfor å bringa velferd til bønder og arbeidarar i utviklingsland. Her har me eit godt tiltak som kan bidra til å løfta nokon av verdas fattige ut av fattigdom og signala av å stemme ned dette er vonde, seier Lunde.

Rogaland er det fylket i landet med flest Fairtrade-kommunar. I Rogaland er det ni kommunar som har oppnådd Fairtrade-status. Utanom Tysvær så gjelder dette: Stavanger, Sandnes, Karmøy, Randaberg, Sauda, Strand, Suldal og Utsira.


– Dei største kommunane i Rogaland har fått Fairtrade-status. Det burde ikkje vore noko problem å la Rogaland fylkeskommune søka om å få Fairtrade-status, seier Lunde.


– Det er sagt og skrive enormt mye om verdas fattigdom, men for at kampen mot fattigdom skal vinnas trengs det og handling. Fairtrade bidrar til å setta fattigdom på dagsorden og fører kanskje til at folk og vil bidra på andre måtar. Det er ikkje så mykje som er kravd av den einskilde, men det har enormt stor betyding for mange menneske i u-land, seier Venstre-leiaren.



Fairtrade er ei merkeordning. På same måte som Svanemerket garanterer at produkt som har dette merket er miljøvennleg laga, så garanterer Fairtrade-merket at produsentar i utviklingsland har fått ein rettferdig pris og at varene er produsert under ordentlige forhold.



Innsendt og skrevet av Rogaland Venstre