Synleg politi

Politimennene Knut Gjærde og Terje Heldal har vore med i tre sesongar av Nattpatruljen på TV MAX.

Gjennom desse åra har me fått eit innblikk i dei oppgåvene politiet har på nattetid. Sjokkerande på ein måte, lærerikt og oppklarande på ein annan.
Etter at politistasjonen fekk ein del klager så hadde dei ei evaluering av prosjektet. Heldigvis kom dei fram til at dette vil dei halde fram med.
På den eine sida er dette underhalding på lik linje med mykje anna som rullar og går over fjernsynsskjermen. Me kan sitte å smile over fulle folk som må ha ei stødig hand å støtte seg på. Me har også kunne «forlyste oss» over biljakter og meir alvorlige hendingar.
Men dette er også eit svært viktig innspel i det ein omtalar som eit meir synleg politi. Eg trur at den innsatsen politifolka gjer i denne serien er med på å skape ein større respekt både for dei som er i teneste, men også for heile yrkesgruppa – politifolk i Noreg. Etter å sett på programmet med jamne mellomrom har det slått meg kor folkelege dei er på den eine sida, men også så formelt korrekte på den andre. Eg trur fleire med meg har fått eit lite gløtt inn i ein arbeidskvardag, som ligg langt unna det me trudde på forhand.
Å følgje ei gruppe på denne måten for å belyse arbeidet deira er ein god idé. Det kan også vere ein kime til å skape meir blest om det å bli politi. Ein ser at arbeidsoppgåvene er tilpassa kvar enkelt og bilete av dei store sterke og tøffe politimennene blir på ein god måte avkrefta. Kløkt, menneskekunnskap, lokalkunnskap og yrkesstoltheit er kunnskapsfelt som polititenestemenn og kvinner tener stort på.
Når dette er sagt så er det sjølvsagt å ha ei «nål» i ryggen å ha eit kamerateam med på jobb. Men det ser ut til at dei fleste medverkande i programma rask blir vant til dette. Programma er sjølvsagt klippa og redigert, men det er også eit teikn i tida at dei som blir stoppa av politiet og hjelpte i fylla eller på annan måte hamnar i kameralyset, ikkje bryr seg. Dette er reality show slik dei er vant til.
Likevel vil dette vere eit viktig bidrag i samfunnsinformasjonen som me svært ofte ikkje får med oss. Det gir eit innblikk i korleis det blir reagert når ein gjer noko ulovleg. Det bør vere eit stikk i sida til vaksne som sender ungdommane ut på fest utan å stille dei kritiske spørsmåla på forhand. – Kor skal du, kven skal du vere med…
Eg trur me skal sjå på Nattpatruljen som eit undervisningsprogram samstundes som me lar oss underhalde av Knut Gjærde og Terje Heldal. Dei gjer ein fenomenal jobb både som politi og som kveldsunderhaldning.
Hald fram med det, for det trengs.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør