Ein god gjeng: Dei britiske turistane som kom til Haugalandet med cruiseskipet «»Saga Pearl II» på tysdag, koste seg på Arquebus. Dei synst det var spennande å få med seg litt historie                  på turen. Rundt 30 britar var med på bussen til krigsmuseet i Førre. 
Foto: Mona Terjesen
Britiske turistane som kom til Haugalandet med cruiseskipet «»Saga Pearl II» g, koste seg på Arquebus. Slike besøk har gitt vekst på Haugalandet

Cruise-turistane gjesta Arquebus

– Cold, but nice.
Cruiseturistane som kom til Haugesund med «Saga Pearl II» tysdag morgon, hadde sin første utflukt på Arquebus krigshistorisk museum i Førre. Trass surt vestlandsvêr, var dei imponerte over Haugalandet.

Av Mona Terjesen

Etter vekevis med «sommarvêr», var det noko utgjort at det var grått, vått og førblest på tysdag – då dei britiske turistane kom med cruiseskipet «Saga Pearl II».
– Det me har sett til no er veldig bra, me gler oss til å sjå mykje meir. Vêret kunne sjølvsagt vore betre, sa nokre av turistane då dei skulle ombord i bussen til Arquebus frå Garpaskjærskaien i Haugesund.
Dei skulle eigentleg vore med på fleire utflukter denne dagen, mellom anna på ein tur til Kringsjå. Men det grå og våte gjorde at altfor få meldte seg på. Oppslutningen var derimot veldig bra rundt Arquebus-besøket. At det var innandørs var det som veide tyngst.
– Så er det jo kjekt å få med seg litt historie frå plassen også, kommenterte turistane.

Les meir i papirutgåva.

Lyst å bli abonnent?

https://tysver-bygdeblad.no/abonnement/bli-abonnent/