Eit klokt val

Bjørn Bruaset er ny teknisk sjef i Tysvær. Konstituert for ein periode rett nok, men likevel eit klokt val av både rådmann Arvid Vallestad og dei som tar seg av slikt i administrasjonen.

Klokt fordi Bruaset gjennom lang tid har stått fram som ein av dei mest robuste og fagleg dyktigaste i kontora på rådhuset. Han er tydeleg og ikkje redd for å stå på for sin og innbyggjarane si sak.
Som journalistar treff me ofte på slike som Bruaset, men der andre er dårleg førebudde, eller ikkje likar å forklare tekniske detaljar, tar Bruaset seg tid. Han meiner tydelegvis det er svært viktig at lesarane får eit mest muleg nyansert bilete av kva som skjer. Og det treng slett ikkje alltid vere i si eiga vinning. Han har stått like oppreist sjølv i saker som han heilt sikkert hadde ønskja ingen hadde høyrt om.
På den måten går han inn i jobben, som teknisk sjef, i dei same fotspora som Per Ørpetveit har laga på rådhuset. Også han sto fram som ein open, informativ, fagleg dyktig og folkeleg sjef. Og i denne avdelinga er dette svært mykje verd.
Kor lenge Bruaset får ha hjørnekontoret i rådhuset vil heilt sikker vere mykje opp til han sjølv. Han bør og vil etter det me erfarer i alle fall kunne kle stillinga til godt over sommaren. Om ein då finn ut at han ikkje er rett mann, så vil det bli lyst ut ledig jobb som teknisk sjef i Tysvær om ein ikkje vil prøve fleire interne kandidatar.
Men eg skjønar godt at ein ikkje vil ut i den opne marknaden. Erfaringane etter at «legendariske» Oskar Tryti gjekk av har vist at dette er ei stilling kor det har blitt for mykje gjennomtrekk. Gode namn har vore innom, for all del, men dette er ein avdeling som treng stabilitet og arbeidsro. Det har i tillegg vore større utskiftingar i staben, så ei intern tilsetting kan skape den nødvendige tryggleiken og roen avdelinga treng.
Nå vil kanskje kritikarane seie at det ikkje er sunt å rekruttere til ei leiarstilling internt. Men i dette tilfelle er det fleire ting som talar for enn imot. Berre det at Bruaset har opparbeida seg grunnleggande kunnskap i fleire av dei store sakene, som teknisk skal spele ei avgjerande rolle i framover, er eit stort pluss. Det same er det inntrykk og engasjement han har vist utad. Han har i løpet av sine år i teknisk klart noko det er få forunnt, nemleg å skape seg eit namn. Kritikarane vil han måtte leve med, og det trur eg han klarer meir enn godt.
For det er aldri lett å kritisere dei som gjer jobben sin på ein skikkeleg måte.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør