Det glinsar i pokalar heile vegen heim til Tysvær for Bjørnar Apeland og dei andre sjåførane frå Tysvær. Fem pokalar vann dei under opningshelga.
Foto: Privat
Det glinsar i pokalar heile vegen heim til Tysvær for Bjørnar Apeland og dei andre sjåførane frå Tysvær. Fem pokalar vann dei under opningshelga.

Nye pokalar i dag

Bjørn Tvedt følgte opp gårsdagens siger i GT3 med to andreplassar i dag, under opningshelga i NM for asfaltracing. Bjørnar Apeland i GT4 sikra seg to tredjeplassar i dag etter ein dårleg opningsdag, laurdag.

Bjørnar Apeland sikra seg to 3. plassar i GT4 med sin Volvo s60. Dermed kunne dei tre tysværbuane sette kursen heimover frå Vålerbanen med famnen full av pokalar.
For Arild Risse blei det problemer på søndag. Ein 8. plass og ein 9. plass var ei nedtur etter ein flott laurdag kor han blei nummer to.

Les meir i papirutgåva på torsdag.