Redaktør Hartvig Waage er svært godt nøgd med årets Vingespenn. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør Hartvig Waage er svært godt nøgd med årets Vingespenn.

Kjenner du til dette?

Like nord for bedehuset på Sundfør ligg der ein stor stein kor nokon har rissa inn 1814-1914. Kven, lurer historielaget på.

Hartvig Waage fann steinen like ved den trafikkerte E39 og har nå saman med John Ragnar Susort prøvd å finne ut historia bak rissinga.
– Steinen ligg like ved der vegen gjekk for 100 år sidan og rett på andre sida av vegen for der skulen på Sundfør låg. Det kan vere at ein har hatt ei markering på skulen for å feire 100 års jubileet for grunnloven. Men me finn ikkje dokumentasjon på dette. Det me nå håper er at nokon har høyrt ei historie om denne steinen og kan hjelpe oss, seier dei to lokalhistorikarane.
Stødig hand
Det er tydeleg ei stødig hand som har rissa inn tala. Dei har også historisk korrekte strekar under kvart siffer.
– For oss er dette svært spenanande lokalhistorie, spesielt nå når me skal feire grunnlova på nytt. Det å risse inn på stein var ein «vanleg» måte å markere hendingar på. Det ser ein på vegstrekningar kor anleggstida er rissa inn, opningsdagar og liknande. Difor ser me at det er fleire ting ved dette som passar inn tidmessig rundt 1914. Men, sjølvsagt kan dette ha blitt gjort seinare, seier Waage.

Les heile saka i papirutgåva