Av Mona Terjesen
Manusforfattar, idéskapar og regissør Cato Manuel Ekrene ankom Edda Kino i Haugesund saman med mellom andre ordførar Petter Steen jr. Eit stort publikum var på plass og klappa han inn døra.
– Dette er ein stor dag, strålte han.
Også Steen kunne fortelje at han var svært spent og gleda seg til å sjå den mykje omtalte filmen.
Gripande møte
Dokumentarfilmen skal visast på ni kinoar i landet, og famnar tema overvekt, sjølvbilde, livsstilsjukdommar, mobbing, mot og trivsel. Med eit budsjett på magre 220.000 kroner, har Ekrene klart å produsere ein dokumentar i filmlengde – med mange rollemedverkarar.
Me følgjer Ingrid – ei småbarnsmor på 31 år gjennom heile filmen. Ho er 162 centimeter og veg 106 kilo. Fleire livstilsjukdommar bankar på døra og ho er nøydd til å endre livet sitt. Me følgjer ho gjennom eit halvt år, der ho saman med personleg trenar og kosthaldsvegleding klarer å snu den negative utviklinga, og gå ned i vekt.
Me møter også ei 12 år gammal jente som har blitt mobba så lenge ho kan hugse. Ho har alltid fått høyre at ho er tjukk, og familien har måtta flytte på seg fleire gonger på grunn av mobbinga.
– Eg føler meg så stygg, eg føler at ingen likar meg. I skulegarden gjer eg alt eg kan for å dekke meg til. Eg drar i genseren og skjuler alt eg kan, fortel ho mens tårene trillar.
Me treff også ei dame som har halvert vekta si etter ein slankeoperasjon, ei som hadde sjølvmordstankar fordi ho følte seg for feit, to kompisar som har trena heile livet og jakta på den perfekte kroppen, og fleire idrettsheltar. Blant dei er Alexander Søderlund som snakkar om sitt forhold til trening, kva riktig kosthald har å seie for helsa og forma hans, og kva han tenker om mobbing. Me er også med HHK på trening i Sysco Arena og får høyre trenar Kristoffer Friestad sine tankar på tema.
Les meir i papirutgåva under KULTURLIV