Det blei tap for Stian Knutsen og Falkeid mot Ferkingstad. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Det blei tap for Stian Knutsen og Falkeid mot Ferkingstad. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Trist på Karmøy

Falkeid blei bokstavelegtalt blåst av banen på Ferkingstad i kveld. Heimelaget vann berre 1-0, men det var ein frykteleg skuffa Falkeid-gjeng som kjørte heim.

– Me sleit skikkeleg i motvinden i 1. omgang og måtte forsvare oss mot ei rekkje med lange ballar. Men me haldt nullen og må vel gi laget godkjent. etter kvilen med medvind i ryggen blei dte berre verre og verre. Etter 50 minuttar skåra dei kampens einaste mål. Me hadde eit par store sjansar, men ikkje ein gong aleine med keeper skåra me. Triste greier dette, seier lagleiar Tor Jostein Kallekodt på telfon frå forblåste Ferkingstad.
Stian Knutsen var einig i det.
– Det var ein rufsete kamp av oss. Det var vanskeleg for begge laga i vinden, men det virka som om dei var litt meir vant til det. Dei er heldig som setter den eine store sjansen som dei kjem til. det hadde vore lika rettferdig med poengdeling. Nå skal me ikkje berre skulde på vinden for innsatsen var ikkje bra i dag. Sånn var det berre. Me får ta dei når dei kjem til oss i haust, seier Knutsen.

Andre resultat i kveld:
Karmsund – Torvastad 0-3
Sauda – Vedavåg 2 4-1
Sveio – Haugaland 4-1
Leirvik – Ølen 1-2

Faktaboks

Ferkingstad 1 (0)
Falkeid 0 (0)
5. div. avd 3
Ferkingstad stadion
1-0 Sam Langåker (50)
Dommar: Warren Wade, Karmsund

Falkeid:
Daniel E Gjerde
Stefan Mjånes
Geir Espevik
Sondre voll
Frode Hundsnes
( 62 minutter Stian Susort )
Stian Knutsen
Jan Egil Kallekodt
Kenneth Kristiansen
Rune Lindanger
Espen Sørenes
( 45 minutter Geir Wegge )
Joar Øvrebø