Berre eit poeng

Stegaberg spelte 0-0 heime mot Ølen, medan Falkeid blei rana for poeng då Vats 94 Skjoldar vann 1-0 på Troppene.

Rapportane frå Troppene undervegs fortalte om stort press frå heimelaget. Men etter 70 minuttar skåra Joachim Frøyland kampens einaste mål og gjestane vann 1-0. Falkeid blei muleg snytt for straffe i 1. omgang og vann sjansestatistikken 12-3. Men slik gir dessverre ikkje poeng.

På Frakkagjerd stilte heimelaget med toppa mannskap, men klarte ikkje å få mål. Dermed endte toppoppgjeret utan mål og med eit poeng til kvart lag.
Kristoffer Askeland hadde den største sjansen for heimelaget. Ølen hadde eit skott i tverrliggaren i ein sjansefattig kamp.

Me kjem tilbake med kampfakta frå desse kampane.