Dei yngste i friidrettsgruppa til Stegaberg er rundt 20 stykk. Tysdag skal dei vere med på stemne på heimebane på Frakkagjerd stadion. Det kjem til å bli kjekt.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Minner fra da alle kunne trene sammen. De yngste i friidrettsgruppa til Stegaberg. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gleder seg til tysdag

Tysdag kjem det massevis av unge spreke friidrettsutøvarar til Frakkagjerd.

Kvar vår like før ein tar sommarferie møtest friidrettsutøvarar frå heile Haugalandet til stemne på Stadion. Og vertskapet stiller mannsterke.
– Eg skal springe 60 meter og hoppe både lengde og høgde, seier Jorunn Elisabeth B. Bjordal som kjem heilt frå Nedstrand for å trene i blått.
Ho ser fram til at Nedstrand snart får sin eigen treningsbane med fast dekke.
– Det skal bli skikkleg kjekt. Då håper eg at me også har meir friidrett i gymmen. Til nå har det vore lite, seier 12-åringen som berre var hundredelar frå ein pallplass under Mailekene.
Litt lenger
Sofie Djuv Opedal liker å springe litt lenger. 600 meter er heilt perfekt.
– Det er litt tungt mot slutten, men kjempekjekt når alt klaffar.
– Korleis er det å ligge i eit felt kor alle vil vinne?
– Ein må berre tenkje på seg sjølv og ikkje la seg stresse. Det er alltid nokon som gir alt i starten og blir trøytte. Det viktigaste er å ha litt igjen til spurten. Og når eg kjem i mål ja då er eg skikkleg trøytt, smiler den snart 11 år gamle jenta frå Nappatjørn.
Jamgamle Isak Fossum har ikkje heilt bestemt seg for kva han vil på tysdag, men ein ting skal han heilt sikkert.
– Eg skal hoppe høgde og det er det aller kjekkaste. Dessverre skal me ikkje trene på det i dag, men me skal hoppe lengde og det er også kjekt. Eigentleg er det veldig kjekt å trene når me er så mange. Det er ingen som klagar og alle vil berre at alle skal bli best muleg. Det er bra synest eg, seier unge Fossum.

Les meir i papirutgåva