Vegard Steinsland skåra to mål, men tapte mot Torvastad.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Vegard Steinsland skåra to mål, men tapte mot Torvastad.

Ikkje godt nok mot Avaldsnes

Skjold tapte 2-4 for Avaldsnes. Det var fullt fortent til tross for at Skjold brant minst tre 100 prosentsjansar. Alt for mange personlege feil øydela.

– Me gjorde ein del feil som me blei hardt straffa for. Alle dei tre første måla var resultat av feilvurderingar eller passivt spel. Var vel ikkje all verdens forsvarsspel på 4-2 heller. Me må ta det som læring, sjølv om det er ein tøff måte å lære på, sa trener Helge Risanger.
Det begynte bra med at Jonas Risanger slo eit knallhardt innlegg ein AIL-spelar beina i eige mål. Så rota Morten Bådsvik og Jarle Hundseid det til etter eit Skjold-frispark midt på banen. Einar Utvik jr. takka og bukka og skåra sitt første av to mål. Så skåra Vegard Steinsland før passivt forsvar gjorde at AIL kunne gå til pause med 2-2.
– Det gjekk bra i starten og me skåra på sjansane våre. Men så blei det mykje tull. Eg hadde minst to 100 prosent sjansar. På den eine blei eg felt tre-fire gonger men haldt meg på beina for eg visste det berre var keeperen igjen. Det var ikkje så lurt. Me tapte for me gjorde for mykje feil. Sånn var det berre, sukka Vegard Steinsland.
Heimelaget tok leiinga på straffe like etter pause og då Thomas Huong Le skåra sitt andre og det sto 4-2 var kampen kjørt.
– Me er nøgde når me går av banen og alle har gjort sitt beste. I dag er me ikkje nøgde, avslutta Helge Risanger.

Meir om kampen og spelarbørs i avisa neste torsdag.

Faktaboks

Avaldsnes 4 (2)
Skjold 2 (2)
4. div. avd. 3
Avaldsnes idrettsenter
0-1 Sjølvmål (13)
1-1 Einar Utvik jr. (29)
1-2 Vegard Steinsland (33)
2-2 Thomas Huong Le (38)
3-2 Einar Utvik jr. (48)
4-2 Thomas Huong Le (68)
Dommar: Erlend Dalaker, Ferkingstad
Gult kort: Morten Aarvik, AIL og Sondre Bådsvik, Skjold
Tilskodarar: 40