Petter Lønning sender i veg frisparket som gav 0-1. Men det var Kim Damien Belazara (med grøne sko) som kunne juble tilslutt. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Petter Lønning sender i veg frisparket som gav 0-1. Men det var Kim Damien Belazara (med grøne sko) som kunne juble tilslutt. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Stang, stang ut

Det smalt i stengene to gonger på svært gunstige tidspunkt for Stegaberg. Dei skulle gått inn for tre mål var ikkje nok til siger over Karmsund.

To mål av ein halvskadd Petter Lønning og eit av Dag Frode Tønnesen heilt på tampen gjorde at Karmsund vann knepent 4-3 på Sakkestad. Ein litt frustrert trenar var først borte hos dommaren, før han forklarte kvifor det gjekk galt.
– Eg gav beskjed om at me har registrert at fleire av dei som spelte for Karmsund har tre gule kort. Det vil me protestere på nå. Men det var ikkje grunnen til at me tapte. Me var rett og slett for dårlege defensivt og tapte alt for mange duellar over heile banen. Karmsund er eit godt lag og me speler ein god 1. omgang og eit godt kvarter av den andre. resten var ikkje bra, seier Thormod Ness.
Kampen blei avgjort då Kim Damien Belazara skåra tre mål på 25 minuttar i andre omgang.
Den kalddusjen klarte ikkje Stegaberg å reise seg etter.

Faktaboks

Karmsund 4 (0)
Stegaberg 3 (1)
5. div. avd. 3
Sakkestad kunstgras
0-1 Petter Lønning (44)
1-1 Sjølvmål (51)
1-2 Petter Lønning (56)
2-2 Kim Damien Belazara (60)
3-2 Kim Damien Belazara (75)
4-2 Kim Damien Belazara (80)
4-3 Dag Frode Tønnesen (90)
Dommar:Marcin Kowalski, Djerv 1919
Tilskodarar: 25