Oddvar Susort på plass i kommunen sin nye lastebil. Om vinteren skal den nyttast til brøyting i ytre delar av kommunen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Oddvar Susort på plass i kommunen sin nye lastebil. Om vinteren skal den nyttast til brøyting i ytre delar av kommunen.

Ein skikkeleg arbeidsbil

Tysvær kommune har selt ein gamal lastebil og kjøpt seg ei ny kruttønne. Nå kan ein sjå neste vinter lyst i møte.

Det er ein prioritert jobb å halde vegane snøfrie om vinteren. Når den gamle lastebilen ikkje ville meir gjekk Oddvar Susort i tenkeboksen. Han blei utfordra til å komme opp me kva trong ein hadde for ein heilt ny lastebil.
– Eg måtte bruke «hjernecella mi» så godt eg kunne. Etter kvart vann Norsk Scania AS avd. Haugesund/Frakkagjerd anbodet om å byggje bilen og då starta me eit samarbeid, som ein nå ser resultatet av. Den har forskjellige bruksområde, men det viktigaste er at me har ein brøytebil som taklar vestlandsvinteren, seier Susort.
Med sine 550 hkk og med ei lengde på ni meter er det solide saker Tysvær kommune nå disponerer.
– I tillegg til brøyting så er det ein svært fleksibel bil. Den har ein krok bak og ikkje noko fastmontert plan. Det betyr at me kan «hukke» på det meste av utstyret me har. Det kan vere alt frå kloakktankar, via vanleg plan, til konteinarar og septiktankar. Ein såkalla krokbil har langt fleire bruksområde enn ein vanleg lastebil, noko som var viktig for oss. I kvardagen vår er det mykje kjøreoppdrag og det å kunne disponere ein slik fleksibel bil, er svært nyttig for oss, seier Susort.

Les heile saka i papirutgåva