Kvar dag kan Isabell kikke ned på friidrettsanlegget og få inspirasjon. Tysdag hadde fleire hundre andre unge friidrettsutøvarar funne vegen til heimebanen hennar.
– Det er kjekt at det er så mange her. Eg går på skulen rett der oppe og har vore her nede mange gonger. I dag har eg sprunge 60 meter og nå har eg hoppa høgde. Begge deler er like kjekt, seier 10-åringen.
– Det blei eit fint riv. Kva synest du om det?
– Eg kjente eg var litt borti, men det var nesten. Det er greitt nok. Litt skummelt når det er så mange å ser på, seier Solstrand.
Raske jenter
Då Tysvær Bygdeblad var på besøk krydde det av superraske jenter. Dei sprang 60 og 100 meter.
– Det smalt veldig høgt då me skulle starte, men det gjekk vel greitt når me først kom i gang. Det var ei raud jente på kvar side av meg og eg er litt usikker på kven som kom først. Men det gjekk frykteleg fort, fortel ei av dei, ni år gamle Tina J. Aarøy.
– Sliten?
– Nei, dette gjekk bra og nå trur eg at eg blir med i lengde også.
Les heile saka i papirutgåva