– Kva skjer med skulane

Dette er det mest stilte spørsmålet me i Tysvær Bygdeblad får om dagen. Folk er naturleg nok svært opptatt av kva skulepolitikk ein ser føre seg dei neste åra.

Og det er småskulekrinsane dei er opptatt av.
Etter å ha snakka med leiande politikarar i Tysvær dei siste dagane er det ein ting som er sikkert når det gjeld framtida til småskulane våre. Dei vil få arbeidsro dei næraste åra. Men klok av skade er det få om nokon som vil utdjupe dette.
Så då får me prøve oss på ei ny kvalifisert gjetting og samle nokre av trådane som er lagt ut.
Den skulen som har vore mest omtala er ein eventuell ny skule i Tysværvåg. Som me har skrive før så kjem den neppe i næraste framtid. Til det er den gamle skulen for «god» og for stor til at det er eit prekært problem for Tysvær kommune. Og i sparetider må ting være prekært for å hamne på dagsordenen.
Så er det snakket om å legge ned skular. Straumen, Grinde og Førland er dei det snakkast mest om. Kan nokon av elevane frå desse skulane samlast på ein skule og kan nokre elevar frå søre-Førland gå på Tysværvåg? Kan ein få ein ny stor barneskule i Grinde og slå dei tre i saman? Den diskusjonen går på elevane.
Den diskusjonen som utløyser det heile er om det er pengar spart å ha ein stor skule i staden for tre. Og svaret på det er nok ja. Men til kva pris?
For som me har skrive før, også her på leiarplass, handlar dette om mykje meir enn å spare pengar. Dette handlar om bygdeutvikling i ein periode kor Tysvær kommune er blitt freista til å tenkje urbant. Til å satse kortast muleg frå Raglamyr. Om me tolkar signala frå Fylket rett så ønskjer ikkje dei utvikling av Tysvær andre stader enn nettopp der. I aksen Aksdal-Raglamyr.
Kva vil då skje med bygdene våre om samlingsstanden skulen blir tatt vekk. Kva skjer då med idrettslaga, med korpsa, med lag og foreiningar som i dag samarbeider med skulane og som nyttar seg av fasilitetar knytt til dei?
Dette er det spørsmålet eg nå trur politikarane har begynt å ta inn over seg. Dei er allereie begynt å sjå etter andre innteningsprosjekt som gir like mykje men som ikkje raserer bygde-Tysvær.
Det betyr slik eg tolkar det at skulenedleggingsdebatten nå blir lagt død i ein fire-fem år, til me har fått ei betre avklaring på kommunesamanslåing, sentrumsutvikling og om det i heile tatt blir utbygging på Skeiseid.
Å begynne med å sjå på flytting av skuleelevar er det fleire enn meg som meiner er å begynne i feil ende.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør