Elevane er det viktigaste for ein lærar. Akkurat nå er det også eit sterkt fokus på uravstemminga for forslaget frå KS for Harald Heien og dei andre lærarane i Tysvær.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Harald Heien er en av søkerne på rektorstillinga.

Eit vanskeleg val: – Stem nei

Det er hektiske dagar for dei tillitsvalte i skulen. Mange kollegaer ville ha råd før uravstemminga som starta i går.

– Det er ikkje lett å vere rådgivar nå, for det som er komme frå KS er vanskeleg å sette seg skikkeleg inn i. Det er for mykje; kan, bør, om og vidare. Kva konsekvensar det vil vere for den enkelte vil variere. Difor har eg sagt til alle som ikkje veit kva dei skal gjere, at dei bør stemme nei, seier Harald Heien ved Frakkagjerd ungdomsskule.
Han er tillitsvalt for den største gruppa lærarar i Tysvær. Dei siste vekene har vore hektiske.
– Det har komme fram mange synspunkt og meiningar at ein nesten ikkje trur det ein les. Det er frå dei mest heilsvarte kommentarane til dei som meiner og trur at tilbode frå KS vil gi dei ein betre kvardag. Og det kan vere enkelttilfelle i begge endane av skalaen, men totalt må me kunne slå fast at dette er svært innvikla forhandlingar, seier Heien.
Nei
– Kvifor nei?
– Det er mitt råd til dei som ikkje finn ut av dette og som me ikkje kan gi eit godt nok svar til. Dette er ikkje berre eit oppgjer som får innverknadar nå, men også i framtida. Det vil på mange måtar forme framtida til lærarane og då må ein vere heilt sikker før ein seier ja. Eg er ikkje sikker og då blir rådet frå meg, nei.
– Har dette vore mykje omtale på skulen?
– Ja, det er klart. Også hos oss er det nok fleire meiningar, og eg vil at alle skal få lov til å komme med sitt. Som sagt kan det vere enkelte det slår positivt ut for, men eg trur at for den store horden av norske lærarar er dette et dårleg tilbod. Det bærer diskusjonen rundt borda hos oss preg av, seier ungdomsskulelæraren.

Les heile saka i papirutgåva.