Kenneth Kristiansen var både høgt og lågt då Falkeid banka Haugaland 4-1. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kenneth Kristiansen skal trene med Skjold neste uke. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kan sjå opp og fram

Veteranane viste klasse då Falkeid i kveld vann fullt fortent 4-1 over Haugaland. Dermed kan laget begynne å sjå oppover på tabellen.

To strake sigrar smakar godt og mot botnlaget Haugaland var det aldri tvil om kor sigeren ville ende.
– Me skaper mykje sjansar og kunne fort ha fått eit par mål til om me berre hadde hatt marginane med oss. Men me fekk fire mål og det skal me vere godt nøgde med, seier Kenneth Kristiansen som sto bak det første og sjølv skåra det andre målet.
Spelande trenar Frode Hundsnes skåra mål nummer tre og var letta etter at kampen var slutt.
– Denne måtte me berre vinne og etter ein god andreomgang så må me seie oss nøgd med gjennomføringa. Første omgang var ikkje bra, men me skåra to mål. Etter pause var det ein veg og full kontroll, seier trenaren.
Veteranane Olav Askeland og Rune Lindanger skåra dei to andre måla.
Vertane tok tidleg tak i kampen og var med på notane i 45 minuttar. Eit mål og eit par sjansar gjorde at Falkeid måtte sjerpe seg etter pause.
det gjorde dei og gong på gong rulla dei opp på kantane og fekk skapt sjansar. Det resulterte i to nye mål og dermed tre viktige poeng.
Nå ventar Torvastad før laget tar sommarferie.

Faktaboks

Haugaland 1 (1)
Falkeid 4 (2)
5. div. avd. 3
Skeie stadion
0-1 Olav Askeland (13)
1-1 Morten Haugland (19)
1-2 Kenneth Kristiansen (38)
1-3 Frode Hundsnes (57)
1-4 Rune Lindanger (63)
Dommar: Marcin Kowalski, Djerv 1919
Tilskodarar: 5