Lytt til Bråtveit

Klara Bråtveit er ein veteran i det politiske miljøet på Haugalandet. Ho har kjempa dei eldre sin sak i mange år. Eit stort engasjement både politisk og i fritida. Nå har ho vore i Tysvær, noko ho ofte er, og sett korleis ein handterer kyrkjegardane her.

Og skal ein bruke karakterskalaen så er karakteren ho gir «Meget+».
Nå har Bråtveit ein privat og personleg agenda bak desse besøka og slett ikkje som nokon som helst konsulent. Men eg som har kjent Bråtveit sidan eg var liten gut på Norheim veit at her snakkar med om ein ressursperson utan om det vanlege. Ho har eit brennande engasjement for dei som kanskje ikkje alltid slepp til i debattane. Ho har etter mange år i politikken, og som omsorgsperson, fått seg eit nettverk som på mange måtar er svært spennande.
Når ho tar kontakt med oss for å få ein anledning til å hylle både kommunen og dei som jobbar på kyrkjegardane, så er det verdt å lytte.
For det er ikkje ei sjølvfølgje at ein tenker over kva inntrykk vedlikehaldet på ein kyrkjegard har å seie i ein sorgprosess. Ein må berre innrømme at ein ikkje gir ein slik stad så mykje omtanke før ein sjølv har ansvar for å følgje opp ei grav, eller besøker den. Då legg ein merke til detaljane. Då blir ein oppgitt av forfall og rot.
Ein har sjølvsagt høyrt om kyrkjegardar som på grunn av kutt i vedlikehaldsbudsjett nærast gror igjen. Kor gravstøtter står på skeiva og kor løvetann og buskar dominerer. At pårørande finn dette støytande er heilt naturleg og slett ikkje slik ein ønskjer det.
Tysvær kommune og kyrkjekontoret har i ei årrekkje jobba med å finne meir areal til å gravlegge tysværbuen. Dei kyrkjegradane som er bygd eller utvida dei siste åra er blitt flotte. For flotte er det ein del som meiner, men dei har kanskje ikkje noko forhold til dei – ennå. For om ein lyttar til Bråtveit sine observasjonar om kor mykje ein ryddig og fin kyrkjegard har å seie, ja så er ikkje orda «for flott» dei rette å bruke.
Dette handlar sjølvsagt om det å miste sine næraste. Om det å ha ei grav å gå til. Skal dette vere prioriterte oppgåver i ei tid kor det virke som ein skal bruke sparekniven uansett kva budsjett ein jobbar med? Eg trur Bråtveit sine tankar om gravstaden bør vere ei lita påminning til oss alle.
Spesielt når det er nokon som verkeleg har noko å melde som gjer det. Om det kjem frå ein karmøybu eller haugesundar, så skal me ta det til oss og tolke det som eit godt teikn på at det finnes nokon der ute som faktisk bryr seg.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør