– Me fekk ei skrape av Helge (Risanger) i pausen og fekk beskjed om å skjerpe oss kraftig. Etne var eit lag me skulle lå og etter tordentalen gjekk det mykje betre, seier Gundersen.
– Greie mål og greitt resultat.
– Ja, eg fekk stå heilt aleine på rundt 20 meter og sikta i hjørnet. Der var det ingen. 5-0 mot Etne ser greitt ut, smilar Gundersen som både spelte både på kanten og sentralt i banen.
Skader
Skjold me ei rekkje unggutar på laget, hadde elleve spelerar ute med skade før dagens kamp. Mats Steinsland blei skadd under oppvarminga, noko som opna for debutant Vebjørn Rullestad. Han spelte ein svært bra kamp for dei gulkledde og var ein av banens beste så lenge kreftane haldt.
– Kjekt å spele når ein får så mykje ballkontakt. Me spelte ein middels og ein god omgang. 5-0 trur eg me skal vere nøgde med.
For Etne blei kampen i Grinde ein ny nedtur. Dei hadde sine sjansar og burde med litt hell hatt seg eit par mål.
Trenar Helge Risanger gjorde seriecomeback for SKjold mot slutten av kampen. Han kom inn på stillinga 3-0 og fire minuttar seinare var det blitt til 5-0.
Fredag ventar Stegaberg i Rogalandscupen på Frakkagjerd. Der bør folk komme å sjå skikkeleg lokalfotball.

Bilder frå kampen: https://tysver-bygdeblad.no/2014/06/16/skjold-etne-5-0/
Faktaboks
Skjold 5 (1)
Etne 0 (0)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
1-0 Bjørnar Hompland (25)
2-0 Aleksander Gundersen (48)
3-0 Sander Hettervik (61)
4-0 Aleksander Gundersen (88)
5-0 Aleksander Gundersen (90)
Dommar: Warren Wade, Karmsund
Tilskodarar: 30