Økonomisjef Tor-Leif Helgesen. Foto: Mona Terjesen
Økonomisjef Tor-Leif Helgesen. Foto: Mona Terjesen

Går etter planen

Tysdag kveld låg rekneskapen for 2013, tertialrapporten for 2014 og økonomiplanen for 2015-2018 på kommunestyrepolitikarane sitt bord. Tala viser at spareplanen stort sett går etter planen. Med særleg unntak av teknisk.

Av Mona Terjesen

I forhold til justert budsjett enda resultatet for 2013 på 3,1 millionar kroner betre enn budsjettert. Denne summen vedtok politikarane i kommunestyret å bruke slik:
 Avsett til barnehage – dekning fond 1.000.000 kroner
 Avsett til investerings og utviklingsfond 2.140.430 kroner
Elles ser tala slik ut:
«Ordinære skatteinntekter og inntektsutjamning ligg 2,6 millionar kroner over budsjettet. Rammetilskot blir i samsvar med budsjett. Skjønnsmidlar blir 1,4 millionar kroner større enn budsjett. På eigedomsskatt har kommunen fått inn 2,2 millionar kroner over budsjettet – takka vere Kårstø-anlegget.
Inntektsposten momskompensasjon drift er 0,8 millionar kroner høgare enn budsjettert, og resultatområda kjem samla ut med eit overskott på rundt ein million kroner». Likevel viser tertialrapporten for 2014 eit underskot på fire millionar kroner. 3,8 av desse kjem frå teknisk, og skyldes to store prosjekt: sykkel- og gangveg Grinde-Søvik og Førresdalen barnehage. Desse to prosjekta kosta begge fem millionar kroner meir enn medrekna. Altså ti millionar til saman.
– Me er i ein spareperiode og må vere knallharde. Kvifor hamnar slike prosjekt på millionsmellar, spurte Sven Ivar Dybdal (SP) retorisk.
Rådmann Arvid S. Vallestad lova å komme tilbake til saka i økonomiutvalet, formannskapet.
I og med at desse to investeringsprosjekta kjem ut med eit så stort tap, vil investerings- og utviklingsfondet måtte dekke opp dette.
– Det medfører at me ikkje får den oppbygginga av fondet som har vore rekna med over tid, kommenterer Vallestad.
Investeringar
Når det kjem til investeringar er dei samla sett på 144 millionar kroner for 2013.
– Dette er svært høgt. Summen er langt over investeringsbudsjettet for året, men har samanheng med at det er gjennomført investeringar der budsjettmidlane er vedtatt i tidlegare år, kommenterer økonomisjef Tor-Leif Helgesen.

Les heile saka i papirutgåva