Politisk minefelt

Det kjem til å bli ein gjengangar i mange år framover, bruken av sparekniven i Tysvær kommune. Jamleg dukkar det opp områder eller fagfelt kor brukarane meiner kommunen sine planar for å spare pengar er heilt feil.

Tysvær kommune lener seg ofte tilbake og skuldar på ein rapport frå Agenda Kaupang. Konsulentfirmaet har sett nærare på korleis kutta kan gjerast og når det ikkje blir tatt godt i mot, så er det fort gjort å skulde på opphavet.
Ingen skal tru at skuledebatten på Frakkagjerd er siste dans for politikarane. Nei, det er berre starten på ein periode kor stadig fleire vil sette si bygd, sitt bustadfelt, sitt lag eller sine interesser opp mot kvarandre.
– Kvifor?
Fordi ein politisk og administrativt ikkje er i forkant. Det er meg heilt ubegripeleg at ikkje politikarane og skulesjefen såg dette komme, etter dei erfaringar dei har hatt både i Skjoldastraumen, i søre-Tysvær og ved bygginga av Frakkagjerd skole, med Stegaberg skole som eit bakteppe. Kor mange gonger skal ein vandre inn i det politiske minefeltet skulepolitikk er? Kor mange gonger skal dei få oppslag mot seg om kor dårleg førebudde dei er når det skal snakkast skuleorganisering i kommunen? Dei skal tross alt ut i kamp mot føresette som stort sett har ein agenda, nemleg sine eigne ungar. Det er det kjæraste dei har og i den kampen skyr dei eigentleg ingen midlar.
For det er ingen god debatt, skuleframtid eller ikkje, å dra inn andre moment enn nettopp skule i debatten. Ein kan ikkje snakke om rundkjøringar, sykkelvegar og kulturell stasing opp mot skule. Slike diskusjonar endar aldri godt.
Nei, nå må ein rett og slett sette av tid og etablere ei gruppe i Tysvær kommune som ser på den skulestrukturen som er, og den som må på plass i framtida. Dei som er i den gruppa må også ta høgde for brukarane. Då ein politisk handsama skulegrenser og eventuelt skulesamanslåing på Frakkagjerd i skulenemnda, skjøna ein ikkje alvoret i Agenda Kaupang sitt forslag. Slike feilvurderingar kan ein ikkje gjere i framtida. Då må ein komme opp med eigne forslag basert på dei lovnadar og dei framtidsplanar som er for denne delen av kommunen.
Høyringsfristen for Frakkagjerd skulekrets si framtid blei utsett me nokre dagar. Eg trur ikkje det har så mykje å seie. Alt anna enn flytande skulegrenser i dette området kjem til å skape så mykje bråk at det ikkje kan skje året før eit val. Eg vil gjerne sjå det partiet som går til val på at Førre skal bli ein 1. – 4. skule og at Frakkagjerd skal ha dei eldste elevane i barneskulen. Så desperate i sparinga er dei ikkje.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør