Av Mona Terjesen
Søstrene Astrid Ljones Fjærestad (47) og Åslaug Ljones Løklingholm (45) mista som kjent livet etter ulykka i Urasvingen på E134 søndag 22. juni. Mannen som kom over i feil felt og kolliderte med dei, blei først rutinemessig sikta etter vegtrafikklova, men no har altså påtalemyndigheitene endra siktelesen til uaktsamt drap.
Strafferamma er frå tre til seks års fengsel.
– Me har ingen indikasjonar på at han kjørte for fort, men dette er ting me får vite meir om når me får svar på dei tekniske undersøkingane, seier lansmann Racin Tjøsvoll til Haugesund Avis.