Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

– Vurderer å selje om rusbustadane kjem

Ekteparet Ravndal frykter enda fleire innbrot, og bråk – når rusbustadane kjem ved Aksdalsvatnet. No vurderer dei å selje.

Av Mona Terjesen

For tre veker sidan skreiv Tysvær Bygdeblad om Berit og Torbjørn Ravndal som  har opplevd fleire innbrot i hytta si ved Aksdalsvatnet på kort tid. Den eine gongen flytta til og med ein ung mann inn hos dei, mens dei var heime på Ålgård.

Meir synleg

At framande har tatt seg inn på deira eigedom  og funne seg til rette, gjer ekteparet sinte, frustrerte og fortvila. No som kommunen planlegg tre, fire rusbustadar i «bakgarden» deira, ser ikkje ekteparet lengre for seg ei framtid i den flotte hytta.

– Det er utruleg trist, for denne plassen har vore i familien min sidan bestemora mi var ung. Me er veldig glade i eigedomen, men slik det er no, ser me ikkje så lyst på det. Me er allereie skremt av innbrota. At det kan bu nokon her, fyre i peisen, ha lys på og ta seg til rette – utan at nokon legg merke til det, viser kor skjerma denne plassen er. At politikarane ønskjer å plassere rusmisbrukarar her, skjønar me ikkje. Det må vel vere betre å plassere dei med legesenteret, der dei er meir synlige? seier ekteparet oppgitt.

Les meir i papairutgåva…