Jr laget klar for 1/16 finale a-sluttspillet.
Skjold-Skeid.

Laget
Håkon-Jonas S-Jonas R- Halvor- Vebjørn- Sander- Mads- Håvard H- Sindre- Vegard- Håvard L.
Jr laget klar for 1/16 finale a-sluttspillet.

LIVE: Skjold G19 er slått ut

Skjold er ute av Norway Cup etter ein svært dramatisk juniorkamp som hadde det meste ein kamp mellom to kjempande lag skal ha.

Vi følger kampen LIVE. Vår mann på Rustadfeltet er Dagfinn Bredal

5. min (0-0)
Første fem minuttane er spelt og Skjold har komme best i gang. Vegard Steinsland blei sparka ned og ein Skeid-spelar fekk eit tidleg gult kort. Blir ikkje gitt ved dørene.
Steinsland er tilbake på banen og Skjold kjører på og er først på ballen. Ingen store sjansar til nå.
20 min. (0-0)
Kampen har satt seg noko og Skeid er komme meir med. Framleis vanskeleg å komme til sjansar for begge laga.
25 min (0-0)
Dramatiske minuttar på Rustad nå. Først blir ein ny Skjold-spelar feid i bakken. Jonas Risanger tar frisparket og er nær ved å skåra. Så kontrar Skeid og får eit frispark ute på kanten. Det blir nydeleg satt og ballen smell i tverrliggaren. Nå lev kampen skikkeleg.
29. min (0-1)
Så sprakk nullen for Skjold. Skeid tar leiinga etter 29 minuttar. Ein Skeid-spelar tar ballen med seg og får gå heilt fritt. Driblar litt, spelar vegg og dundrar ballen opp i nettaket. Surt for Skjold har vore best i 1. omgang.
30 min PAUSE (0-1)
35 min.
Kjempesjanse for Skjold. Halvor Hansen får avslutta etter eit hjørnespark, men ein Skeid spelar får redda på streken. Skjold har definitivt ikkje gitt opp målet om å komme seg til ein 1/8-finale.
40 min.
Ny stor sjanse for Skjold. Jonas Risanger legg inn til Håvard Larsen som skårar. Med handa meiner dommaren og annulerar. Ikke dei store protestane, men Skjold står på og skapar noko.
50 min
Nå er det dramatisk på Rustad. Vegard Steinsland ligger ned etter ein kollisjon med keeper. Ein Skeid-spelar er blitt utvist. Han brukte for lang tid på å gå av banen og med gult frå før var det dumt. Skeid må spele med ti mann dei siste ti minutta.
55 min
Da er kampen inne i dei siste fem minuttane. Skeid halar ut tida på alt som går ann og det skapar ikkje god stemning. Skjold har nå tre minuttra pluss tillegg på seg til å berge ekstraomgangar.
60 min
Der blåser dommaren av. Eit skuffa Skjold-lag må kontatere at dei ikkje fekk ballen i mål. Dei var på mange måtar det beste laget, men Skeid klarte det som er viktigast i fotball, nemleg å skåre.

– Me møter eit godt lag og har kanskje litt respekt for dei i starten. Men etter kvart får me kampen inn i vårt tempo og det er me som kjører. Dessverre fekk dei eit mål rett før pause. I andre omgang held me trykket oppe men får ikkje meir enn halvsjansar ut av det. Me har ein ball inne som korrekt blei avblåst for hands. Dei fekk ein mann utvist for somling ved eit byte, men då var me slitne og hadde ikkje spå mykje meir å gi. Men me har spelt 4,5 gode kampar av 5 så dette må me likevel vere nøgde med. Me var svært nær ein 1/8-finale i a-spelet og det skal me ta med oss, seier trenar Bjørn Arne Steinsland.

I ein annan G19-kamp tapte Djerv 1919 med Håkon Kvia og Vemund Eskevik på laget på straffar mot Os.

Skjold 0 (0)
Skeid 1 (1)
1/16 finale
Norway Cup
Rustad 1
Laget:
Håkon-Jonas S-Jonas R- Halvor- Vebjørn- Sander- Mads- Håvard H- Sindre- Vegard- Håvard L.