Bente Herland hadde ein fot i både Stegaberg- og Skjold-leiren samstundes som ho sendte oss både bilete og resultat. Det medan ungane Sindre, Tiril og Tuva var i aksjon.
Bente Herland hadde ein fot i både Stegaberg- og Skjold-leiren samstundes som ho sendte oss både bilete og resultat. Det medan ungane Sindre, Tiril og Tuva var i aksjon.

Da var festen slutt for i år

Mye jubel, litt tårer, eit par skadar og minner for livet. Norway Cup blei ein suksess til tross for terrortrussel og sterk varme.

Nå er dei fleste lokale spelarane på veg heim. Tysvær Bygdeblad har fylgt festen frå kontoret i Aksdal med god hjelp frå engasjerte og dyktige medhjelparar i Oslo. Dei har sendt oss resultat, rapportar og bilete lenge før alle andre har kunne legge det ut. Me har klart å teste ut heimesida vår og det har fungert.
Så lenge me ikkje er ei bemanna nettavis er dette ein måte å gjere det på. Kvar einaste dag har opp mot 3.000 unike brukarar klikka seg inn for å lese siste nytt frå Ekeberg.
I dag torsdag har me også for første gong hatt minutt for minutt dekning av ein fotballkamp. Me kan aldri konkurrere mot VG-nett og HA-nett, men når i snitt 150 unike brukarar fylgde kampen mellom Skjold og Skeid, midt på dagen, så var det ein suksess for oss. Med god hjelp av Dagfinn Bredal fikk me formidla dramatikken frå Rustad.
For spelarar, lagleiarar og føresette er Norway Cup eit av årets høgdepunkt. Bente Herland hadde ein fot i både Stegaberg- og Skjold-leiren samstundes som ho sendte oss både bilete og resultat. Det medan ungane Sindre, Tiril og Tuva var i aksjon. Det same gjorde Einar Kringeland kvar einaste kveld.
I Falkeid-leiren styrte Narve Susort og Asbjørn Bakken informasjonstraumen, men etter kvart som stemninga steig kom det stadig fleire meldingar og bilete frå troppen frå Troppene.
Stegaberg la ut sin bilete og resultat på heimesida og gjorde det klart at det berre var å plukke det me ville ha.
Slik blir verdas største fotballturnering formidla direkte heim til dei som ikkje kunne vere der gjennom lokalavisa.
Tysvær Bygdeblad vil takke alle både dei som er nemnt, men også dei som er gløymt. Kanskje spesielt til Stegaberg-spelar Svanlaug som både var fotograf for oss, spelte sjølv og som til slutt måtte ta ei teljing og ein natt på sjukehuset før ho sette kursen heim.
Det er kjekt for oss at ungdommen tenker på Bygdebladet, sjølv midt i all viraken i Oslo
Så med bilete av trioen frå familien Herland takkar me av frå Norway Cup.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør