Det er for alvor blitt alvor på Ekebergsletta og på banane rundt om i Oslo. I går forsvann mange av Tysvær-laga ut av verdas største fotballturnering. Men for sju lag har det vore ei ny varm og urolig natt, spekka med nervar og store forventningar til dagen i dag. Falkeid sine J12-jenter speler ikkje cup, men for dei seks andre er det vinn eller forsvinn.
09.00 møtte Falkeid sine J15/16 Høybråten og Stovner i 1/16-finale i A-spelet. Det endte 0-0 og 1-4 etter straffekon.
10.50 spelte J13 laget til Falkeid 1/8-finale i B-spelet mot Huk. Det endte med siger 2-1 og kvartfinale kl. 16.35
11.00 spelte J13 laget til Skjold kvartfinale i B-spelet mot Bergen Nord. Det endte med 0-2 tap.
12.00 spelte J14 laget til Stegaberg i 1/16 finale i A-spelet mot Langhus. Det endte med 0-2-tap.
12.20 spelte Falkeid sine J12 sin nest siste kamp i Norway Cup mot Søndre Land. Der blei det tap 1-3
13.15 spelte Skjold G19 sin 1/16 finale mot Skeid i A-spelet. Det endte 0-1 i ein svært dramatisk kamp.
14.45 spelte Falkeid J 17/18/19 kvartfinale mot Kammerbach i B-spelet. Tyskerane vann 5-0
16.35 spelte Falkeid J13 kvartfinale mot Blåmann IL i B-spelet. Der blei det tap 1-2 i ein jamn kamp kor Julie Gjerde skåra målet
19.40 spelte J12 laget til Falkeid sin siste kamp mot Lørenskog. Det blei 1-4-tap.